Arntsen Elektro

Din lokale elektrikar

Arntsen Elektro AS er eit lite elektrofirma som er eigd og drive av Simen Arntsen. Eg tok fagbrev som elektrikar i 2009, har teknisk fagskule og godkjenning som elektroinstallatør. Nyinstallasjon og servicearbeid i bustad og næringsbygg, industri og skip er noko av det eg har jobba med og kan tilby. Eg held til i Lavik, og arbeidsområdet er i hovudsak kommunane Høyanger, Hyllestad og Fjaler, men eg kan ta oppdrag over heile landet.

Mitt mål er å levere godt arbeid og løysingar tilpassa ditt behov og budsjett, for at du skal bli fornøgd. Timepris og ordinær pris på materiell skal vere lavare enn konkurrerande installatørar. For fastprisarbeid matchar eg konkurrerande prisar så langt det er mogleg.

I tillegg til installasjon kan eg og utføre konsulenttenester, som prosjektering, byggeleder elektro, teknisk teikning, rådgiving og liknande.

Eg håpar du vil nytte meg når du treng elektrikar. Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod!

Nyttige lenker

Følg bedrifta mi på Facebook
Lamper og installasjonsmateriell frå SG Armaturen
Heimeautomasjon frå Loxone
Registrert i Elvirksomhetsregisteret (DSB)
An unhandled error has occurred. Reload 🗙